Bli tryggare på PC, mobil og nettbrett
60 minutt med personleg IT-hjelp og opplæring — tilpassa ditt nivå og dine behov. Vi tek oss god tid og forklarer på ein enkel måte.
Berre kr 995,-
Inkludert 25 % mva. For privatpersonar i alle aldrar.
Tilbodet gjeld kundar busette i Stranda og Sykkylven kommune. I andre kommunar i Møre og Romsdal kjem kr 300,- i køyring i tillegg for å dekkje ferje og drivstoff.
Du treng inge forkunnskapar, og ingen spørsmål er dumme!

Dette går vi gjennom saman
PC, mobil og nettbrett
Vi ser på utfordringane du opplever og hjelper deg med å finne løysingar.
Oppdateringar
Vi kontrollerer at einingane og programma dine er oppdaterte.
Datasikkerheit
Virusvern, svindelforsøk, passord og trygg bruk av internett.
Opplæring
Lær korleis du brukar dine eigne einingar enklare og tryggare.
Eiga datahjelp
Vi viser deg korleis du sjølv kan løyse vanlege problem i framtida.
Slik avtalar vi dato og tid
Når du gir eit gåvekort
Den som har fått gåvekortet, tek kontakt med StrandaData på SMS eller telefon til 40638518, eller e-post til lars@strandadata.no. Saman finn vi ein dato og tid som passar.
Når du bestiller til deg sjølv
Lars kontaktar deg på ønskt kontaktmåte. Saman finn de ein dato og ei tid som passar deg. Første kontakt skjer på SMS, e-post eller telefon, slik du vel i bestillinga.
Bestill DataSeniorHjelp
Bestill timentil deg sjølv, eller gi han bortsom gåvekort til foreldre, vener eller besteforeldre. Prisen er den same.
- Betal med kort, Vipps til40638518, eller faktura med7 dagars forfall.
- Bestiller du til deg sjølv, kan du ogsåbetale når oppdraget er utført. Gjeld ikkje gåvekort.
- Gåvekort: legg til kr 50 ,- for å få tilsendt eit fint, trykt gåvekort i posten.
- Gåvekortet må nyttast innan12 månader frå det blir utferda.
- Du kanangre kjøpet i 60 dagar frå kjøpsdato og få alle pengane tilbake — utan spørsmål.
- Spørsmål? Ring 40638518 eller send e-post til lars@strandadata.no.
